Ja då var det på tide med ein liten oppdatering her! Me har vore ei veka på vakre Langkawi, som ligger uti havet like ved den Thailandske grensen. Da blei litt styr med hotellene her fordi der me egentli hadde booket oss inn var det heilt forferdelig. Det låg langt ifra stranden og alle andre aktiviteter. Det föltes også ganske utryggt å gå ut om kvelden. Me bestemmte oss for å flytte til motsatt side av öya, nermare bestemmt Cenang beach. Her havna me först på eit lite motell med bungalower på stranden, men ble berre ei natt her. Standarden var enda dårligere enn der me kom fra, pluss at det var ganske dyrt. Havna til slutt på Melang Tanjung Motel som også låg på starnden, her var det ganske flott og me betalte kun 85RM pr. natt (ca. 160,-) Dette motellet var drevet av den koseligaste damen, ho smiler bestandig!
Det var deilig å endelig kunne nyte strandlivet me har lengta sånn etter. Ligge under palmene, lese ei god bok og sitkke innom baren å hente eit par kalde øl…
Men litt rastløse blei me no alikevell etter 3-4 dagar med sol og bad, derfor bestemmte me oss for å ta ein dag med island hopping.
Me blei henta på hotellet kl. 9 om morningen av ein skrøpelig gammal kvit kassabil. Han kjørte oss (og mangen andre turister) til havnen der turen skulle gå fra. Etter mykje om og men, og dirigering av båtar, la me i veg mot geoforestpark. Her ble me møtt av ivrige apekattar på jakt etter noko godt. Etter ein time med vandring rundt på øya gikk me tilbake til båten, og turen fortsatte vidare til ørnemating, eg har aldrig sett så mangen ørner på ein gang!! Det var veldig fasinerende. Siste stopp på turen var Beras Basah, ei nydelig lita øy med den finaste sandstranden, også her fikk me ein time. Siden turen hadde starta så tidlig var me også tidlig tilbake på hotellet, og når me først hadde ein opplevelsesdag var det bare til å fortsette. Me reiste til Cabelcar som er ein taubane som går til Langkawis høgaste punkt. Det var ein nydelig utsikt der oppe!
Me har kost oss mykje på Langkawi, og sett store delar av øya. Ein av dei beste plassane me åt på var Little Lylia`s Cafè, dette stedet var drevet av ein gammal surfer dude med skikkelig laidback stil. Tøffaste fyren! Han berre låg i hengekøya si på dagti og røyke litt, så på kvelden var han stjerne i husbandet. Hehe! Maten fra grillen var kjempegod, sesiellt tiger rekene.
Ein morsom greie med Langkawi er at det finnes ingen offentlig transport her… Kun taxi, mopeder og lokale biler. Langkawi har siden 1986 vore skattefritt, og det merkes godt i form av at alle dei lokale har råd til flotte bilar. Siden Cenang er turist strøket var nok prisene der skrudd opp iforhold til kva dei lokale betalar for ting, men i forhold til norge/sverige er det billig. Ein øl (0,33l.) koster på langkawi 5RM(10kr.) på baren og 1,5RM(3kr.) i butikken, mot 9RM(18kr.) i Kuala Lumpur.
Ellers er Malaysia eit muslimsk land, dei fleste kvinnene går med hijab og enkelte med burka. Det er moskeer over alt, og ofterst der det finnes offentlie toaletter finnes også eit eget bønnerom.
I dag forlot me Langkawi og reiste med båt til Penang. Dette tok ca. 3 timar med vestamaran. Bagasjeguttana var litt rare men ellers gjekk alt fint. Spiste middag på eit sted like i nærheten der det er mange matboder rundt i ein firkant og bord i midten. Endte opp med noe japansk noe, smakte ok.
I morgon er planen å utforske Georgetown og resten av Penang øya. Kanskje blir det tropisk frukt farm ?!