onsdag 29. desember 2010

Nha Trang

Me forlot Mui Ne og alle russarane, og reiste med buss vidare til Nha Trang. So heldig som me er fekk me selfølgelig dei mest irriterande gubbana framfor oss heile veien. Dei skulle på død og liv ha setene sine heilt ned i fanget på oss. Sjølv om Christer sa ifra så gikk det bare 3 min. før det var påan igjen… Enkelte folk er så lite omtenksom ovenfor andre, så lenge dei sitter bra driter dei i resten. Med litt såre knær kom me etter 6 t. fram til Nha Trang. Me kunne ikkje gå av bussen eingang før selgarane og taxi sjåførane var rundt oss som gribbar. Dei ville ha oss til å bu på altslags hotell og kjøre oss alle mulige veier. Me stakk dar ifrå ganske kjappt. Det viste deg også å ikkje være noko langt å gå dit me skulle; til Sea View hotel. Dette hotellet har eg budd på ein gang tidligare, å då eg bestillte det tenkte eg at det var ganske greit, men eg hadde glemmt kor dårli det egentli var. Spesiellt frokosten som inngår er ikkje akkurat dagens høydepunkt for å sei det sånn, den er virkelig sparsomt. I går fekk eg ein tørr baguett og to egg, og Christer fekk kjøpenuddler med ei grillpølse oppi… Skal det være så dårli kan dei like godt la vær.

Været har ikkje vore heilt på topp dei siste dagane, det er overskya og det blåser ein heil del. Eg hadde sett fram til å ligge på stranden å spise fersk mango, så eg krysser fingrene for at det blir bedre i morgon.

Det merkes godt at Vietnam er eit utviklings land, me såg det spesiellt godt på bussturen opp hit. Det er mykje fattigdom. Mange jobber på risåkrene, dei har kanskje ein liten flokk med geiter om dei er heldi eller eit par kyr. Så bur dei gjerne i eit lite hus byggd av det materialet som var tilgjengelig då dei byggde, nokre gammle fjøler, gammle kjøkkendører eller kun bølgeblikk. Her i Nha Trang er det mange gatebarn, og ein del av dei ser man gåande heile dagen på stranden og selger alt mulig, postkort, armbånd, frukt osv. Det ligger ein bar like ved hotellet vort som heiter Crazy Kim Bar, her hjelper dei gatebarna ved å gi dei gratis skule kvar dag, hvem som helst kan melde melde seg på å hjelpe til å lære disse barna engelsk. Det har vore eit veldi suksessfullt prosjekt som i tillegg til å lære barna engelsk, lærer dei om pedofili og kva dei skal passe seg for. Slagordet deres er ’Hands of the Kids’.

I morgon kveld skal me ta nattbussen tilbake til Saigon. Gleder meg til 10 nye timar i buss...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar