I parken like ved der me bur viste det seg å være ein stor matfestival, noko som passa oss fint. Billigt og bra! Det var veldi mange lokale her, spesiellt utover kvelden. Underholdningen var variert, alt fra skuespill, sangere og leiker for barna.
Trafikken blei berre verre og verre utover kvelden, ved 12 stod det bom stille… Eg trudde eg hadde sett mange mopeder på ein gang tidligere, men ingenting kan slå synet av moped-kaoset i går kveld! Ein må kunne leve godt som moped forselger her nere ser det ut som.
Me hadde oss ei lita bar runde, men mange av dei mest populære stedene var stappfulle. Det var vakter og politi i gatene. Selgarane gikk i kø. Snøspray blei spruta over alt, spesielt dei lokale likte å spraye på kvarandre. Då klokka nerma seg 12 gikk me tilbake til parken for å sjå om det blei noko fyrverkeri, men me haurte det kun i det fjerne og såg ingenting…
I dag har me betalt for å ha hotellrommet eit par timar ekstra, flyet til Manila går ikkje før i natt. Så no får me pakka om sekkane og sjekka at alt er klart til å fly.
Godt nytt år alle sammen !!!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar