lørdag 16. april 2011

Nydelige dagar i Australia og New Zealand.


No er vi snart kommet til vegs ende. Tiden har virkelig bare flydd forbi. Vi sitter igjen med veldi mange minner og erfaringer. Eg føler at eg har lært veldi mye dei site 6-7 mnd., både om meg sjølv og verden omkring meg. Vi har så utrolig mange Ting i Europa, og man strever heletiden etter å ha det nyeste og beste. Eg har møtt folk som ikkje ein gong har råd til å kjøpe eit par sko. Når eg kjem heim skal eg ha ein grundig gjennomgang av kleskapet mitt og gi alt eg ikkje behøver til veldedighet. Det siste stoppet på turen vår har vore Christchurch, ødeleggelsene her er enorme. Her sitter det også folk igjen som har mistet alt; huset sitt, jobben og t.o.m nokon av deiras nermeste slekt og venner. Det gir ein liksom eit underlig perspektiv på ting. Ein har ingen garanti for nokon ting.


Dei siste to månadane har vi vore i Australia og New Zealand. Etter å ha rekna nøye gjennom kostnaden av å leige ein campervan eller å reise rund med buss og bu på hostel, fant me ut at kostnaden var omtrent den samme og at det virka kjekkare å kunne stoppe når ein ville med ein bil. Så då leigde me ein JUCY van, ei knall grøn litei knorla, med 2 seter, seng baki og kjøken heilt bakerst. Da har funka veldi fint, men da har blitt mykje kjøring. I Australia kjørte me heile austkysten frå Cairns i nord til Melbourne i sør. I New Zealand har me kjørt rundt på begge øyene.


Australia er virkelig digert, eg kunne nesten ikkje fatte kor stort det var… Landskapet var annerledes ein heima, me kjørte avogtil over store sletter ser ein kunne se til verdens ende. Folkene var vennlige, klimate fantastisk og me kommer garantert til å reise tilbake ein annan gong. Litt av dei tingene me gjorde i Australia var; ein guidet tur på Fraser Island (verdens største sandøy), akvariet i Sydney, Australia Zoo (Crocodile hunter Steve Irwin), Warrner Bros. Movie World, og Christer var på ein 3 dagers dykketur på Barrier revet. På gullkysten hadde me fantastisk vær så der gikk dagene mest til sol og bad.


Det hadde vore flom og ødeleggelser i Queensland ca. ein mnd. før me kom dit, me merkte ikkje så mykje av det, men det var fortsatt litt flom i enkelte områder. Me måtte kjøre ein ganske lang omvei sidan delar av motorveien var avstengt.

Australarar er vennlege folk, og grilling er det beste dei veit. I butikkane fans det grillmat i overflod, og på campingene var det stort sett kø for å komme til grillen… Camping livet har funka fint, men eg er litt lei av å måtte bruke offentlig do og dusj. I Australia er det vanskelig å berre stoppe på ein rasteplass å sover der for natten. Det er egne vakter som kjører rundt å ser at camparane står lovligt parkert. Camping plassane var no greie dei, men me var no stort sett dei yngste der, det virket som om aldersgjennomsnittet var rundt 60-65.

Når me hadde passert Sydney og kjørte vidare nedover begynnte tempraturen å synke veldi. I Melbourne var det under 20grader. Det er ganske kaldt når ein er vant med 35! Sidan Melbourne har det berre vorte kaldare og kaldar, det blei jo ikkje akkurat varmare då me kom over til New Zealand. Her har det logge på rondt 13 grader. So eg har kjøpt meg ulljakke , hua, votta og skjerf.
New Zealand minner meg mykje om Norge, eller ein blanding mellom Norge og Irland. Det er høge fjell, fjordar og isbrear her, men også svær grøne enger med ein million sauer. Då me landa på flyplassen i Auckland stod vår nye Jucy bil å venta på oss. Her er det litt annerledes med kor ein får parkere, so den første natta parkerte me uti bushen.

Naturen er nok det som drar mest turister til dette landet, den er helt fantastisk. Av dei to øyene likte me sørøya best. Det går forresten ferja mellom dei to, den tar 3 timer. På sørøya finns det meste av den picture-perfekt naturen. Eg har veeeldi mange blider herfra.

Me hadde ein heilt perfekt dag i Queenstown, den begynnte med soloppgang i ein varmluftsballong i nydeligt høstvær. Då me landa og hadde pakka vekk ballongen fekk me servert champagne og franske bolla. Så hadde me ein time halv annan på campingen, før me blei henta av neste buss og brukte resten av dagen på forskjellige vingårder. Kan da bli bedre?

Dei siste dagane før heimreise er me i Christchruch, me bur på ein camping like ved flyplassen. I forgårs var me nere i sentrum å såg oss om. Da er ikkje mykje igjen der nere, mange byggninger har kollapset og dei fleste andre som står igjen er absolutt ikkje trygge å gå inn i. Det var ein underlig stillhet der nere. Det er jo vanligvis ein storby med alt bråk ein storby har, men nå var det kun lyden av oppryddnings arbeidere der. I går ettermiddag var det eit nytt jordskjelv som målte 5,3. Me låg i bilen og såg film då det skjedde, og trudde berre det var eit på ungar som tulla med oss å stod å rista i bilen. Det kjenntes akkurat sammeleis. Det hadde vore nye ødeleggelser i sentrum, og steder der dei allerede hadde rydda opp må dei begynne på nytt. Det er heilt forferdelig. Stemmningen her er trykkende. Det var på nyhetene her om dagen at mangen av skuleungene ikkje hadde vintertøet som hørte til skuleuniformen, for enkelte var det så vidt dei hadde ein uniform i det hele tatt… Det er jo høst her, og om kun eit par mnd. kommer snøen.

Me lever og har det bra, det skal bli godt å sette seg på flyet på tirsdag å komme seg heimover. Så kl. 21.05 blir det møteplikt i ankomsthallen på Flesland flyplass. :)


God Påske til alle sammen!

torsdag 24. februar 2011

'Bomber og granater' no e me i Australia!

Heisann, då var me kommen oss heilt til Australia. Sitter aleine i Cairns i øspøsende regn å skriver. Christer er på dykketur over Barrier revet, han skal gjøre tilsammen 11 dykk på den ytre delen av revet dei neste 3 dagene.

Me var kjempeglade den dagen me endelig kunne reise fra Bali, sjølv om det blei eit av våre lengste reisedøgn. Alarmen ringte kl. 03.00 so då var da berre å komma seg avgårde. Taxi sjåføren kjørte rundt heilehalve Bali før me kom fram til flyplassen (det var egentlig berre 2km. dit).

Me har heile tiden kjøpt dei billigeste billettene me har kunne finne, det gjer at me har ofte reist om nettene og venta mykje. Denne gangen fikk me 12 timer å slå ihjel i Kuala Lumpur! Heldigvis var dette ein av dei byane me har brukt mest tid i tidligere, så her var det ingen problem å ta seg rundt uten kart og reisebok. Dagen gikk med til 2 besøk på foodcourt'en og kino :) Flyturen videre til Gold Coast gikk fint og me kom oss gjennom den kjempestrenge sikkerhetskontrollen på australsk side. Har aldri sett eit rom med så mange overvåkningskameraer som dei hadde der...

På Gold Coast var me i 2 dagar, her var me selfølgelig innom Surfers Paradise, ei nydelig 'så langt øyet kan sjå'- strand med badevakter i gult og rødt. Ikkje så langt herifrå ligger Warrner Bros. Movie World, ein park svere karuseller og levande filmfigerer (sikkert litt som Disney World). Som alt ellers i Australia var det dyrt her, ca. svenske priser.

Overgangen frå å betala 10-20 kr. for ein middag på restaurant i Asia til å måtte betale 300kr. for ein pose med matvarer her er veldi stor... Men siden alt anna fungerer så vanvitti bra her nede så skal eg ikkje klage. Eg forstår godt koffor folk pakker kofferten oppe i vintermørke skandinavia og flytter til solfyllte Australia.

Dei første dagane her var det drepande varmt, da låg rundt 35-36 i 3-4 dager. Eg heller aldri sett ein so blå himmel, ikkje ei einaste lita sky kunne eg finne. Men no har da gått øve, til styrtregn...

Me reiste vidare frå Gold Coast til Brisbane, der var me i 3 daga. Her budde me på City Backpackers Hostel, på 16 mannsrom.
I Brisbane gikk me på det maritime museumet og fikk der gå ombord krigskipet Diamantina, Christer syns da var gøy.


Ein kalkulator har me kjøpt oss, den er so mykje brukt at me sikker snart må til å bytte batteri. Da me har rekna på mest er korlis me kan bu billigast mulig. Sjølv om ein bur på 16 mannsrom blir da jo ca. 400kr. natten for 2 pers. Så me har bestillt oss leigebil (campervan) frå Cairns i nord til Melbourne i sør. Og da blir omtrent halve prisen å kjøra sjøl å bu i bilen, iforholdtil å bu på hostel å ta bussen...

I går tok me fly frå Brisbane til Cairns, også dette var mykje billigere enn bussen + at det tok kun 2t. (25t. med buss). Cairns er ein mykje mindre by enn Brisbane som er Australias 3. største. Her bur me på YHA hostellet. Eller det vil sei eg bur her, Christer er jo på båt tur som sagt. Hostellet ligger tvers over veien for eit digert kjøpesenter med kino, so eg har da ikkje so verst eg heller :)

Det er litt rart å vera åleina, det er jo førstegange på 1/2 år at me ikkje bur samme plassen. Det er heldigvis kun 3 dager.

Og for dei som sitter å ser skrekkbilder på tv'en frå Christchurch så er det 7 veker til vi skal dit, regner med det har ristet frå seg til dess, altså ingen grunn til bekymring på våre vegner.

tirsdag 15. februar 2011

BCD og våte sandaler.

Fire veker på Bali... Det haures kanskje ut som ein dømm, men etter min meining er det to veker for lenge! Det er akkurat som Phuket, med haugevis av innpåtrengende selgere som ikkje vil gi seg. Milevis med tomme taxier med taxisjåfører som tuter og gauler etter deg. Ein million andre turister som ligger stablet på stranden så langt øyet kan sjå. OG busslass med kinesere og japanere som dei råner rundt med nikon og canons siste kolleksjon og knippser høyvillt. For å toppe det heile 3 veker med regn!

Det haures kanskje ut som eg berre klager over ein tilværelse eg er sikker på at det er mange der heime som ville ha bytta med meg, men mine forhåpninger om Bali var så store. Eg har jo sett alle dei idylliske bildene som ligger strødd over internettet og haurt om alle dei som hadde sin livs ferie på Bali, men herregud kor skuffa eg blei. Eg har jo vore på minst 100 andre plassa her i Asia dei siste par mnd. som kan konkurere ut Bali hvilken dag som helst! Så med andre ord, planlegger du ein tur til Asia, ikkje la Bali være høgdepunktet ditt, for då kan du heller sitte langs middelhavet , i kø på stranden, å få akkurat den samme opplevelsen til halv pris.. Ikkje er det særlig billigt her heller, det kunne nok ha vore det, men alle er så pengekåte her at turistene betaler minst 10 ganger meir enn dei lokale. Da har regna ganske mykje dei siste vekene, spesiellt på kveldstid. Her om dagen trur eg lynet slo ned rett ved siden av hotellet, for heila rommet vårt rista. Som ellers i Asia blei ikkje veiane her byggd ein dag da regna, (da e igrunn ingen her som ser ut til å jobba her når da regna), og kjeme da ei lita bya flommer det virkelig over! Og taxi bilene kjører ikkje lenger på meter, i regnver er det visst egne regler som gjelder…

Men me har no hatt eit par kjekke stunder her også. Da har blitt eit par dykk, bla. på USAT. Liberty i Tulamben, eit amerikansk frakteskip som vart senkt av japanarane under 2. verdenskrig. Skipet er no dekka av koraller, og det var veldi mykje fisk der. Det tøffaste med Liberty var at me kunne svømme gjennom enkelte deler av skipet! Inni skipet låg det ein 1,5m. lang barracuda å lurte, han såg skikkelig skummel ut, tennene var sikkert godt 2cm. lange.
Me hadde fire netter i Ubud, det ligger ca. midt på Bali. Detter er kunst og kultur stedet på Bali. Her lages det meste av håndlagede greier i bla. glass, tre, og sølv. Christer kjøpte seg ei stilig treskjært maske direkte fra kunstneren.
Det var mulig å melde seg på ulike kurs i Ubud, me gikk på eit sølvsmed kurs. Dette var nok det aller tøffeste me har gort på Bali, me fekk lage akkurat det me ville med veliedning fra to sølvsmeder. Det var ikkje så lett som eg trudde det skulle være, mange fleire prosesser å gå igjennom. Tøying og bøying, hammring og sliping, pussing, og til slutt polering. Sjølv om det såg litt tvilsomt ut mens vi holdt på, blei eg storfornøyd med resultatet. Bali Safari og Marine park var eit anna høgdepunkt. Her sitter ikkje dyrene i bur som i dyreparkene, men dei springer fritt rundt på store områder. Det er safaribusser som kjører rundt inne på ormådet, så dei dyrene som befannt deg langs veien fikk me sjå, imens dei andre fikk være i fred. Siden eg hadde med meg zoom og polaroid filter fekk eg mange stilige bilder gjennom bussvinduet. Det kjenns mykje bedre å besøke ein sånn her park enn ein vanlig dyrepark, det var godt å sjå at sjølv om dyrene levde i fangenskap fekk dei alikevell leve side om side på store områder. No sitter me egentlig berre å venta på flyet vidare til Australia, sekken er pakka, og tingene me skal senda heim i posten står klare. 5 mnd. i Asia er ganske lenge har eg funne ut, sjølv om det selfølgelig har sine gode sider så skal det bli veldi godt å reise videre no, berre det å bli ein i mengden igjen gleder eg meg til. Det har tatt litt på å heile tiden skille seg ut, ofte føles det som folk ser på meg som ein pengesekk dei vil gjere alt dei kan for å tømme. I Australia håper og trur eg at vi får være meir ifred, og at det blir lettare å forstå seg på folk.

torsdag 27. januar 2011

Filippinene

Ja eg veit, no er da veeeldi lenge siden sist, men eg har den beste forklaringen; det er veldi dårli med internett på Filippinene… No sitte me på Bali og kan surfa både på nett og bølgena me me klara. Eg har so mykje å fortelja frå dei siste 3 vekene at eg ikkje heilt veit korhen eg ska begynna. Filippinene fortjener ein lang oppsumering!

Me landa i Manila den 2. januar. Flyturen fra Ho Chi Minh tok kun 3 timer, men me reiste om natta så det var to trøtte tryner som kom fram til hostelet der me skulle treffe Robin, ein kompis av Christer. Dei neste 3 vekene reiste me i lag rundt omkring i Filippinene.

Dette landet visste eg veldi lite om før me reiste hit, eg visste heller ikkje heilt kva eg skulle forvente, berre at det skulle være utrolig vakkert. Eg har lært mykje iløpet av disse vekene, bla. å senke hotellrom standarden min… Det har vore både oppturer og nedturen, mange lange reisedøgn og pågående forselger, men også mange fine stunder og ikkje minst kanonbra dykking!

Etter ein overnatting bestemmte me oss for å ta buss vidare Manila til Legaspi. Bussen, som var veldi gammel, stod iro 3 timer frå me satte oss i bussen til den kjørte. Dei måtte fikse noko i motoren, eg trur det var trøbbel med bremsene… Men generellt overalt i Filippinene så kjører ikkje bussene før dei har fyllt opp alle setene, så 3 timer venting er ingenting. Då bussen endelig rulla av gårde, proppfull med passasjerer, høns og bagasje, tok det 12 timar før me var framme i Legaspi. Det var med tre såre rumper me endelig kunne stige av bussen.

I Legaspi tok me tricycle (moped med sidevogn) til Lignin Hill, etter å ha gått i skauen ein halvtime mellom busker og kratt, og heldigvis ikkje truffe på verken edderkopper eller annat, var me opp på utkiksposten over Mayon vulkanen. Verdens vakkreste vulkan, da e vertfall da so står i brosjyren, og eg kan sei meg enig. Det er mulig å gå heilt til topps på vulkanen, men det var dyrt å leige med seg guide.
Fra Legaspi tok me oss vidare til Donsol. På denne strekken tok me minibuss, og sidan me var 3 ”sværinga” frå vesten måtte me betala for heila baksete, som her har plass til 4(…), sjølv om heima er det kun berkna på 3 pers. I Donsol blei me buande på Santiago’s Homestay. Homestay er som ordet forteljer at ein bur heime hos nokon, me fekk vort eget rom med felles bad i hovudetg. imens familien budde i kjellaren.



Christer har hatt ørebetennelse ei stund som han ikkje klarte å riste av seg, me testa det meste, bla. antibiotikakuren me tok med oss heimafrå, men ingenting hjalp. Til slutt var det ingen annan utveg enn å oppsøke eit sykehus, i Donsol fantes det eit, me for dit.
At eg ikkje tok med kamera denne dagen er noko eg alltid vil angre på. Etter å ha gått å leita ei stund etter dette sykehuset uten å finne det hoppa me i ein tricycle, me hadde gått i feil rettning… Veien til sykehuset var smal, hompete og bratt. Det var ikkje akkurat eit vestlig sykehus me kom fram til, det var gammelt, slitt, og trengte eit ansiktsløft både her og der. Akutten var eit åpent rom med masse senger, det låg ein del pasienter der. Dei som ville til allmenlegen måtte sitte på ein benk utforbi. Det var sikkert tilslutt ca. 20 pers. som satt å venta då sjukesøstera kom tilbake frå lunchpausen sin. Alle dei lokale blei vinka inn, men me blei kun oversett. Det kom tilslutt ein henslengt fyr slengande som kalte seg for Brad, og han hadde god engelsk. Han skrudde volumet på radioen på fullt å spurte hvilken musikk me likte, Christer berre satt der ”hæ? HÆ? Eg er kommen hit fordi eg har problemer med øyrene, og hørselen…!” Ganske komisk. Brad skrudde tilslutt med volumet på The Beatles og skreiv med personaliaene. Like kjappt som me var kommet inn på dette kontoret blei me slengt ut igjen på venteværelset.
Så skulle me få snakke med sjukesøstera, ho tok tempen, og målte blodtrykket. Imens ho ho hlodt på kom Brad å tok bilder av oss med mobilen sin! Ikkje berre eit bilde heller, men mangen. Ja eg har kanskje ikkje fortalt det enda, men dei er ikkje så veldi vant med turister i Filippinene, og det fekk me føle på kroppen denne formiddagen.
Meir venting. Og enda meir venting. Alle dei andre ventande stirra på oss, ein gubbe snakka høgt å peike på oss og lo. Dei har ein del låneord frå engelsk så det er jo ikkje heilt umulig for oss å skjønne sånn ca kva samtalen dreier seg om når dei sier ”foregnier” innimellom… Endelig kom legen! Denne gangen fikk me komme inn først. Legen var ei koselig dame. Ho starta konsultasjonen og ba ein av hjelparane om å komme inne med ”øyre-kikkerten”, og selvfølgelig var det Brad med mobilen som kom inne, og ja då blei dei sjølvsagt ny fotoøkt. Han tok sikker 10 nye bilder før me fekk han til å gå, unskyldningen hans for å ta bildene var at det var til sjukehusets dokumentasjon.Som om! Me spurte legen då Brad hadde forlatt rommet om det var normalt å ta bilder av pasientene, svaret me fikk var; bare i ekstreme tilfeller som f.eks ved ein diger tumor på hodet (!). HAHA Har aldri følt meg så mykje som ein freak i heile mitt liv som dei timane på dette sjukehuset. Legen kom ikkje fram til noko heller, ho sendte oss bare vidare til spesialist i Legaspi.

Imens me var på sjukehuset var Robin å snorklet med hval-haier, det er det Donsol er kjent for.

Me reiste vidare til Malapascua. Det tok vel om lag 24 timer og me benytta nok dei fleste fremkomstmiddler dette døgnet, men mest av alt båt. Sovebåten tok 12 timer, det var en reell båt med mangen dekk og hvorav to med etasjesenger med skinnmadrasser. Me sov veldi godt denne natta, deilig med all sjølufta, og båten vugga ikkje i det hele tatt. Fra Cebu tok me buss til Maya (4t.) og liten outriggerbåt videre til Malapascua.

På Malapascua tok eg dykkerlappen! Så no er eg ein PADI Open Water Scuba Diver :D
Kurset tok tre dager og eg var den einaste eleven. Instruktøren min, Angus, var veldi flink. Etter kurset fekk eg ta djup dykk, ned til 28m., for å sjå etter manta og thresure shark men me såg ingen.
Malapascua var veldi vakkert, og hadde dei mest fantastiske solnedgangene. Det var ei lita øy og mesteparten av turistene som kommer hit kommer for å dykke. Langs heile stranden ligger det dykkebutikker vegg-i-vegg.

Ferden vår tok oss videre til Panglao. Her budde me på Hope Homes, det var driven av ein tysk gubbe med filipino jente. Inkludert i romprisen var lånet av ein moped. Det var for det meste Robin som benyttet seg av denne mens Christer og eg tok habal-habal (moped taxi) eller tricycle for å komme oss rundt. Hovudstranden heit Alona og også her låg det dykkebutikker over alt. Robin, Pascal og eg dykka på ei øy 30-40min. frå Panglao. Her var faunaen heilt fantastisk. Det var store stimer av fisk, og kor enn såg var det noko nytt. Bare synd at Divemasteren me hadde med oss ikkje var så bra, det kunne ha vore perfekt.


Den siste veka var me på Palawan, den vestligeste delen av Filippinene. Her var me innom Taytay, El Nido og til slutt Coron. Coron skulle være ein av høydepunktene våre trudde vi, her ligger nemlig 15 Japanske krigsfartøy fra 2. verdenskrig som ble senkt av Amerikanske jegerfly. Dei ligger sånn til at ein kan dykke på dei! Men sidan Christer gikk på ny hestekur for å fikse øyrene dykka me ikkje her… Så me tar det neste gang!
Ein ting eg har glemmt å nevne som er karakteristisk for Filippinene er Jeepneysene deres. Desse fungerer som lokalbusser og er veldi billige å ta. Dei er heimelaga bilar som dei opprinnelig fekk delar til fra dei gjenglemmte amerikanske jeepene. Kvar Jeepney er unik, men har den kjente jeep fronten, og dei fleste er malte i all verdens farger. Store bilder av Jomfru Maria og Jesus er også vanlig å male på.
Filippinene er eit stortsett katolsk land (ca.90%) og det finnes kirker over alt. Filippinere er religiøse mennesker, nermest i kvar eineste buss, bil, tricycle og t.o.m moped henger det rosenkranser eller religiøse bilder.
Eg kunne ha fortsatt å fortelje historier fra disse 3 vekene side opp og side ned.
Min oppsumering av Filippinene må være at det er utroligt vakkert her, og ein kan lett finne sitt eget paradis. Dykkningen er i verdensklasse, vannet er krystallklart og strendene krittkvite. Men for all del bestill innenlandsfly før du kommer hit, det er garantert den beste måten å reise rundt på. Me benyttet oss av Cebu Pacific Air og dei selger flybilletter til spottpris om du bestiller i god tid. Dette er også det billigeste landet vi har vore i så langt, du kan lett leve for ingenting omtrent. Det me brukte mest penger på var å reise rund med busser og båter. Og husk; skal du til Filippinene må du ha god tid! Ting tar tid, og det er garantert mange steder det er verdt å stoppe på. Eg har mangen steder igjen på lista mi som eg vil utforske neste gang!

No er me på Bali og Christer har endelig fått friskmeldt øyrene sine av legen i går! Dykkings i dag ;)

fredag 31. desember 2010

Godt nytt år fra HCMC

Me er tilbake i Ho Chi Minh City etter ein laaaang søvnløs busstur, men bussen var no vertfall i rute denne gangen, og kl 07.00 var me framme ved Diep Anh Guesthouse. Det var ikkje noko problem å komme fram så tidlig om morgonen, det virka som dei fleste lokale var våkne. Mr. og Mrs. Anh stod i døra då me kom, og var glade for å sjå oss igjen. Me reserverte eit rom sist me var der, men det var ikkje ledig før utpå ettermiddagen. Heldigvis såg dei kor trøtte me var å fiksa eit rom til oss hos nabo gjestehuset! Mr. Ahn fiksa t.o.m. rabatt for oss.

I parken like ved der me bur viste det seg å være ein stor matfestival, noko som passa oss fint. Billigt og bra! Det var veldi mange lokale her, spesiellt utover kvelden. Underholdningen var variert, alt fra skuespill, sangere og leiker for barna.

Trafikken blei berre verre og verre utover kvelden, ved 12 stod det bom stille… Eg trudde eg hadde sett mange mopeder på ein gang tidligere, men ingenting kan slå synet av moped-kaoset i går kveld! Ein må kunne leve godt som moped forselger her nere ser det ut som.

Me hadde oss ei lita bar runde, men mange av dei mest populære stedene var stappfulle. Det var vakter og politi i gatene. Selgarane gikk i kø. Snøspray blei spruta over alt, spesielt dei lokale likte å spraye på kvarandre. Då klokka nerma seg 12 gikk me tilbake til parken for å sjå om det blei noko fyrverkeri, men me haurte det kun i det fjerne og såg ingenting…

I dag har me betalt for å ha hotellrommet eit par timar ekstra, flyet til Manila går ikkje før i natt. Så no får me pakka om sekkane og sjekka at alt er klart til å fly.

Godt nytt år alle sammen !!!

onsdag 29. desember 2010

Nha Trang

Me forlot Mui Ne og alle russarane, og reiste med buss vidare til Nha Trang. So heldig som me er fekk me selfølgelig dei mest irriterande gubbana framfor oss heile veien. Dei skulle på død og liv ha setene sine heilt ned i fanget på oss. Sjølv om Christer sa ifra så gikk det bare 3 min. før det var påan igjen… Enkelte folk er så lite omtenksom ovenfor andre, så lenge dei sitter bra driter dei i resten. Med litt såre knær kom me etter 6 t. fram til Nha Trang. Me kunne ikkje gå av bussen eingang før selgarane og taxi sjåførane var rundt oss som gribbar. Dei ville ha oss til å bu på altslags hotell og kjøre oss alle mulige veier. Me stakk dar ifrå ganske kjappt. Det viste deg også å ikkje være noko langt å gå dit me skulle; til Sea View hotel. Dette hotellet har eg budd på ein gang tidligare, å då eg bestillte det tenkte eg at det var ganske greit, men eg hadde glemmt kor dårli det egentli var. Spesiellt frokosten som inngår er ikkje akkurat dagens høydepunkt for å sei det sånn, den er virkelig sparsomt. I går fekk eg ein tørr baguett og to egg, og Christer fekk kjøpenuddler med ei grillpølse oppi… Skal det være så dårli kan dei like godt la vær.

Været har ikkje vore heilt på topp dei siste dagane, det er overskya og det blåser ein heil del. Eg hadde sett fram til å ligge på stranden å spise fersk mango, så eg krysser fingrene for at det blir bedre i morgon.

Det merkes godt at Vietnam er eit utviklings land, me såg det spesiellt godt på bussturen opp hit. Det er mykje fattigdom. Mange jobber på risåkrene, dei har kanskje ein liten flokk med geiter om dei er heldi eller eit par kyr. Så bur dei gjerne i eit lite hus byggd av det materialet som var tilgjengelig då dei byggde, nokre gammle fjøler, gammle kjøkkendører eller kun bølgeblikk. Her i Nha Trang er det mange gatebarn, og ein del av dei ser man gåande heile dagen på stranden og selger alt mulig, postkort, armbånd, frukt osv. Det ligger ein bar like ved hotellet vort som heiter Crazy Kim Bar, her hjelper dei gatebarna ved å gi dei gratis skule kvar dag, hvem som helst kan melde melde seg på å hjelpe til å lære disse barna engelsk. Det har vore eit veldi suksessfullt prosjekt som i tillegg til å lære barna engelsk, lærer dei om pedofili og kva dei skal passe seg for. Slagordet deres er ’Hands of the Kids’.

I morgon kveld skal me ta nattbussen tilbake til Saigon. Gleder meg til 10 nye timar i buss...

søndag 26. desember 2010

Russisk jul i Vietnam...


Det blei ei veldi anerledes jul for oss i år, men det var me jo også innstillte på. Me prøver å overdøve lengselen etter pinnekjøtt med tanken på alle timene med snømåking som må til før ein kan nyte middagen, då har me da egentli ganske grett her me sitte!

Onsdag 22/12 tok me buss frå HCMC tidlig om morgonen, og etter å ha sittet med hjertet i halsen i ca. 4 timer var me framme på Mui Ne Beach. Bussturen var minneverdig p.g.a alle dei heilt grusomme forbikjøringane og den konstante tutingen… Men me kom no fram til slutt. På Tien Dat Resort var det lite engelsk me klarte å lirka ut av personalet i resepsjonen, men me klarte tilslutt å få dei til å forstå at me allerede hadde reservert eit rom. Rommet er egentli ganske bra, men det ligger vendt ut mot veien, og eg har vel nevnt eit par ganger at dei elsker å tute i dette landet…
Hotellet ligger rett på stranden og det finnes to store svømmebasseng på hotellets område. Me har hatt mange late dagar ved bassengkanten.

Dei andre gjestene er stort sett russere. Det lot seg merke under julemiddagen då det t.o.m. var egen russisk tolk under underholdningen, pluss ein heil del russiske leikar me ikkje skjønnte ein dritt av… Men russarane såg ut til å kose seg. Det blei ikkje ein gang sagt på engelsk korti ein fekk lov til å forsyne seg ved buffeten, då er da gale!

På Mui Ne er det vindsurfing og kitesurfing som gjelder. Det blåser ein heil del her, så det gir perfekt vær til å holde på med disse idrettene. Når ein ser ut over havet har vi på det meste sett mellom 75-100 kiter som holder på der ute.

I morgon setter me kursen vidare opp kysten til Nha Trang, der eg var sist eg var i Vietnam. Her er stranden 6km. lang, og det skal visst være den beste plassen å dykke på i Vietnam. Krysser fingrene for at bussturen opp ikkje blir altfor galen…

tirsdag 21. desember 2010

HCMC Dag 2

Etter ein lang go god natt søvn var me klare for å utforske Ho Chi Minh. Det ble byvandring heile formiddagen, så me har nok godt eit par mil i dag, det føles vertfall sånn i beina... Me var innom markedet, ein av hovedgatene, og nede ved elva. Hadde oss ein pause i 23/9 parken der me åt ferske lychee.

Trafikken er heilt vill i denne byen. Det er sikkert 10 mill. mopeder her, og ingen av sjåførene kan trafikkregler... Dei kjører over alt, på fortau, i feil kjøre rettning, og på innsiden av bussen i en venstre sving (venstre kjøring her). Det er som ekstremsport berre å krysse gata, det hjelper ikkje at det finns fortau for dei stopper jo ikkje uansett.

Valutaen her er vietnamesiske dong.
300.000VND = 100NOK.
Det er mild sagt forvirrende å regne om prisene, men kommer vel snart inn i deg. Trikset er ta vekk tre nuller og del på tre, men er ikkje altid like lett... Mange priser er oppgitt i US Dollar, så då må ein til å huske på den kursen også.

I morgon forlater me storby livet til fordel for kyst byen Phan Tiet og Mui Ne beach. Me blir plukka opp på hotellet kl. 08.00 i morgon tidli. Det er vertinna her som har fiksa billetter for oss, det skal visst være en ganske fin buss hun har ordner. Mui Ne ligger ca. 3t. kjøring herfra avhengig av trafikken.



søndag 19. desember 2010

Ho Chi Minh City

Då var me endelig framme i Vietnams største by; Ho Chi Minh City, også kalla Saigon. Reisa hit gikk som på skinner. Me reiste fra hotellet kl 05.00 i dag tidli, flyet var i ruta, og me klart å ta lokalbussen fra Saigon flyplass og ned til sentrum (kosta kun 4kr!). Etter litt leiting fant me gjestehuset me hadde booket på forhånd, det heter Diep Anh og ligger i distrikt 1. Det koselige paret som driver gjestehuset har gitt oss ein varm velkommst, og mange tips og råd allerede.
Her har me gratis internett, digert rom,dusj med varmt vatn, TV og kjøleskap, kunne ikkje bedt om noko meir!

Når ein reiser til Vietnam med skandinavisk pass trenger ein ikkje søke om visum på forhånd om ein ikkje har tenkt å være her lenger enn 15 dager. På flyplassen fekk me stempel i passet og ferdi jobba. Kjempe greie :)

Fantastiske Thailand...

Denne mnd. i Thailand har gått utruli fort, sikkert mykje fordi me har reist rundt masse. Me har vore på Phuket, Khao Lak, Similan, Koh Samui, Koh Phangan, Koh Tao, Hua Hin, Pattaya, Koh Samet, og no er me i Bangkok.

Thailand var ein av dei destinasjonene som stod øverst på lista då me skulle planlegga denne turen, men det har ikkje blitt heilt det høydepunktet me hadde håpa og venta på. "Alle" har jo noko å fortelja om Thailand, fordi "alle" har vore her sjölv eller kjenner nokon som akkurat har vore her… Thailand er invadert av skandinaver, dette gjer til at ein kan lesa dagens ’Aftonbladet’ eller ’VG’ samtidig som folk heima sitter ved frokostbordet og leser akkurat den samme avisa… Kva er egentli vitsen med å kjøpe rådyre charter billetter for å komme med hit å lese akkurat den samme avisa som heime?! Min frustrasjon handlar ikkje kun om avisene, eg skal inrømme at eg har kjøpt ei og anna avis sjølv, men det er sjølve prinsippet det handlar om. Kvifor dette ønsket om tilgjengeligheten av dei samme produktene ein finner heime i butikken? Det virker som om skandinavia har eksplodert rett over Thailand sånn at det finnes en liten bit uansett hvilken del av Thailand du besøker…

Så var det Pattaya… ÆSJ! Der finnes det gammel-stygg-ekkel-europeisk-mann sammen med vakker-ung-fattig-thai-dame par så langt øyet kan sjå. Å det er ikkje å ta i eingang! Fyttigrisen kor ekkelt seie berre eg. Gammle grisar som reise til Thailand for å kjøpa seg damer. Eg trur ikkje eit sekund på at alle desse forholdene skjer av kjærlighet, dette handler kun om penger. Menneskehandel!
I kystbyene rundt Bangkok og rundt Pattaya virker det som om handelen er størst. Det er vel enkelt å ta med seg storbyjentene dit på en langweekend. ÆSJ ÆSJ ÆSJ!!!
Og hvis du googler Pattaya, er det som kommer opp korhen du skal går for å få kjøpt damer du kan ha med deg tilbake på hotelrommet ditt…

Men ja Thailand er jo fint og flott det, for all del… Strendene er kvite, solnedgangene vakkre og maten billig. Me har opplevd mykje her og sett ein heil del, men no er det på tide å sette kursen videre mot Vietnam.