fredag 31. desember 2010

Godt nytt år fra HCMC

Me er tilbake i Ho Chi Minh City etter ein laaaang søvnløs busstur, men bussen var no vertfall i rute denne gangen, og kl 07.00 var me framme ved Diep Anh Guesthouse. Det var ikkje noko problem å komme fram så tidlig om morgonen, det virka som dei fleste lokale var våkne. Mr. og Mrs. Anh stod i døra då me kom, og var glade for å sjå oss igjen. Me reserverte eit rom sist me var der, men det var ikkje ledig før utpå ettermiddagen. Heldigvis såg dei kor trøtte me var å fiksa eit rom til oss hos nabo gjestehuset! Mr. Ahn fiksa t.o.m. rabatt for oss.

I parken like ved der me bur viste det seg å være ein stor matfestival, noko som passa oss fint. Billigt og bra! Det var veldi mange lokale her, spesiellt utover kvelden. Underholdningen var variert, alt fra skuespill, sangere og leiker for barna.

Trafikken blei berre verre og verre utover kvelden, ved 12 stod det bom stille… Eg trudde eg hadde sett mange mopeder på ein gang tidligere, men ingenting kan slå synet av moped-kaoset i går kveld! Ein må kunne leve godt som moped forselger her nere ser det ut som.

Me hadde oss ei lita bar runde, men mange av dei mest populære stedene var stappfulle. Det var vakter og politi i gatene. Selgarane gikk i kø. Snøspray blei spruta over alt, spesielt dei lokale likte å spraye på kvarandre. Då klokka nerma seg 12 gikk me tilbake til parken for å sjå om det blei noko fyrverkeri, men me haurte det kun i det fjerne og såg ingenting…

I dag har me betalt for å ha hotellrommet eit par timar ekstra, flyet til Manila går ikkje før i natt. Så no får me pakka om sekkane og sjekka at alt er klart til å fly.

Godt nytt år alle sammen !!!

onsdag 29. desember 2010

Nha Trang

Me forlot Mui Ne og alle russarane, og reiste med buss vidare til Nha Trang. So heldig som me er fekk me selfølgelig dei mest irriterande gubbana framfor oss heile veien. Dei skulle på død og liv ha setene sine heilt ned i fanget på oss. Sjølv om Christer sa ifra så gikk det bare 3 min. før det var påan igjen… Enkelte folk er så lite omtenksom ovenfor andre, så lenge dei sitter bra driter dei i resten. Med litt såre knær kom me etter 6 t. fram til Nha Trang. Me kunne ikkje gå av bussen eingang før selgarane og taxi sjåførane var rundt oss som gribbar. Dei ville ha oss til å bu på altslags hotell og kjøre oss alle mulige veier. Me stakk dar ifrå ganske kjappt. Det viste deg også å ikkje være noko langt å gå dit me skulle; til Sea View hotel. Dette hotellet har eg budd på ein gang tidligare, å då eg bestillte det tenkte eg at det var ganske greit, men eg hadde glemmt kor dårli det egentli var. Spesiellt frokosten som inngår er ikkje akkurat dagens høydepunkt for å sei det sånn, den er virkelig sparsomt. I går fekk eg ein tørr baguett og to egg, og Christer fekk kjøpenuddler med ei grillpølse oppi… Skal det være så dårli kan dei like godt la vær.

Været har ikkje vore heilt på topp dei siste dagane, det er overskya og det blåser ein heil del. Eg hadde sett fram til å ligge på stranden å spise fersk mango, så eg krysser fingrene for at det blir bedre i morgon.

Det merkes godt at Vietnam er eit utviklings land, me såg det spesiellt godt på bussturen opp hit. Det er mykje fattigdom. Mange jobber på risåkrene, dei har kanskje ein liten flokk med geiter om dei er heldi eller eit par kyr. Så bur dei gjerne i eit lite hus byggd av det materialet som var tilgjengelig då dei byggde, nokre gammle fjøler, gammle kjøkkendører eller kun bølgeblikk. Her i Nha Trang er det mange gatebarn, og ein del av dei ser man gåande heile dagen på stranden og selger alt mulig, postkort, armbånd, frukt osv. Det ligger ein bar like ved hotellet vort som heiter Crazy Kim Bar, her hjelper dei gatebarna ved å gi dei gratis skule kvar dag, hvem som helst kan melde melde seg på å hjelpe til å lære disse barna engelsk. Det har vore eit veldi suksessfullt prosjekt som i tillegg til å lære barna engelsk, lærer dei om pedofili og kva dei skal passe seg for. Slagordet deres er ’Hands of the Kids’.

I morgon kveld skal me ta nattbussen tilbake til Saigon. Gleder meg til 10 nye timar i buss...

søndag 26. desember 2010

Russisk jul i Vietnam...


Det blei ei veldi anerledes jul for oss i år, men det var me jo også innstillte på. Me prøver å overdøve lengselen etter pinnekjøtt med tanken på alle timene med snømåking som må til før ein kan nyte middagen, då har me da egentli ganske grett her me sitte!

Onsdag 22/12 tok me buss frå HCMC tidlig om morgonen, og etter å ha sittet med hjertet i halsen i ca. 4 timer var me framme på Mui Ne Beach. Bussturen var minneverdig p.g.a alle dei heilt grusomme forbikjøringane og den konstante tutingen… Men me kom no fram til slutt. På Tien Dat Resort var det lite engelsk me klarte å lirka ut av personalet i resepsjonen, men me klarte tilslutt å få dei til å forstå at me allerede hadde reservert eit rom. Rommet er egentli ganske bra, men det ligger vendt ut mot veien, og eg har vel nevnt eit par ganger at dei elsker å tute i dette landet…
Hotellet ligger rett på stranden og det finnes to store svømmebasseng på hotellets område. Me har hatt mange late dagar ved bassengkanten.

Dei andre gjestene er stort sett russere. Det lot seg merke under julemiddagen då det t.o.m. var egen russisk tolk under underholdningen, pluss ein heil del russiske leikar me ikkje skjønnte ein dritt av… Men russarane såg ut til å kose seg. Det blei ikkje ein gang sagt på engelsk korti ein fekk lov til å forsyne seg ved buffeten, då er da gale!

På Mui Ne er det vindsurfing og kitesurfing som gjelder. Det blåser ein heil del her, så det gir perfekt vær til å holde på med disse idrettene. Når ein ser ut over havet har vi på det meste sett mellom 75-100 kiter som holder på der ute.

I morgon setter me kursen vidare opp kysten til Nha Trang, der eg var sist eg var i Vietnam. Her er stranden 6km. lang, og det skal visst være den beste plassen å dykke på i Vietnam. Krysser fingrene for at bussturen opp ikkje blir altfor galen…

tirsdag 21. desember 2010

HCMC Dag 2

Etter ein lang go god natt søvn var me klare for å utforske Ho Chi Minh. Det ble byvandring heile formiddagen, så me har nok godt eit par mil i dag, det føles vertfall sånn i beina... Me var innom markedet, ein av hovedgatene, og nede ved elva. Hadde oss ein pause i 23/9 parken der me åt ferske lychee.

Trafikken er heilt vill i denne byen. Det er sikkert 10 mill. mopeder her, og ingen av sjåførene kan trafikkregler... Dei kjører over alt, på fortau, i feil kjøre rettning, og på innsiden av bussen i en venstre sving (venstre kjøring her). Det er som ekstremsport berre å krysse gata, det hjelper ikkje at det finns fortau for dei stopper jo ikkje uansett.

Valutaen her er vietnamesiske dong.
300.000VND = 100NOK.
Det er mild sagt forvirrende å regne om prisene, men kommer vel snart inn i deg. Trikset er ta vekk tre nuller og del på tre, men er ikkje altid like lett... Mange priser er oppgitt i US Dollar, så då må ein til å huske på den kursen også.

I morgon forlater me storby livet til fordel for kyst byen Phan Tiet og Mui Ne beach. Me blir plukka opp på hotellet kl. 08.00 i morgon tidli. Det er vertinna her som har fiksa billetter for oss, det skal visst være en ganske fin buss hun har ordner. Mui Ne ligger ca. 3t. kjøring herfra avhengig av trafikken.



søndag 19. desember 2010

Ho Chi Minh City

Då var me endelig framme i Vietnams største by; Ho Chi Minh City, også kalla Saigon. Reisa hit gikk som på skinner. Me reiste fra hotellet kl 05.00 i dag tidli, flyet var i ruta, og me klart å ta lokalbussen fra Saigon flyplass og ned til sentrum (kosta kun 4kr!). Etter litt leiting fant me gjestehuset me hadde booket på forhånd, det heter Diep Anh og ligger i distrikt 1. Det koselige paret som driver gjestehuset har gitt oss ein varm velkommst, og mange tips og råd allerede.
Her har me gratis internett, digert rom,dusj med varmt vatn, TV og kjøleskap, kunne ikkje bedt om noko meir!

Når ein reiser til Vietnam med skandinavisk pass trenger ein ikkje søke om visum på forhånd om ein ikkje har tenkt å være her lenger enn 15 dager. På flyplassen fekk me stempel i passet og ferdi jobba. Kjempe greie :)

Fantastiske Thailand...

Denne mnd. i Thailand har gått utruli fort, sikkert mykje fordi me har reist rundt masse. Me har vore på Phuket, Khao Lak, Similan, Koh Samui, Koh Phangan, Koh Tao, Hua Hin, Pattaya, Koh Samet, og no er me i Bangkok.

Thailand var ein av dei destinasjonene som stod øverst på lista då me skulle planlegga denne turen, men det har ikkje blitt heilt det høydepunktet me hadde håpa og venta på. "Alle" har jo noko å fortelja om Thailand, fordi "alle" har vore her sjölv eller kjenner nokon som akkurat har vore her… Thailand er invadert av skandinaver, dette gjer til at ein kan lesa dagens ’Aftonbladet’ eller ’VG’ samtidig som folk heima sitter ved frokostbordet og leser akkurat den samme avisa… Kva er egentli vitsen med å kjøpe rådyre charter billetter for å komme med hit å lese akkurat den samme avisa som heime?! Min frustrasjon handlar ikkje kun om avisene, eg skal inrømme at eg har kjøpt ei og anna avis sjølv, men det er sjølve prinsippet det handlar om. Kvifor dette ønsket om tilgjengeligheten av dei samme produktene ein finner heime i butikken? Det virker som om skandinavia har eksplodert rett over Thailand sånn at det finnes en liten bit uansett hvilken del av Thailand du besøker…

Så var det Pattaya… ÆSJ! Der finnes det gammel-stygg-ekkel-europeisk-mann sammen med vakker-ung-fattig-thai-dame par så langt øyet kan sjå. Å det er ikkje å ta i eingang! Fyttigrisen kor ekkelt seie berre eg. Gammle grisar som reise til Thailand for å kjøpa seg damer. Eg trur ikkje eit sekund på at alle desse forholdene skjer av kjærlighet, dette handler kun om penger. Menneskehandel!
I kystbyene rundt Bangkok og rundt Pattaya virker det som om handelen er størst. Det er vel enkelt å ta med seg storbyjentene dit på en langweekend. ÆSJ ÆSJ ÆSJ!!!
Og hvis du googler Pattaya, er det som kommer opp korhen du skal går for å få kjøpt damer du kan ha med deg tilbake på hotelrommet ditt…

Men ja Thailand er jo fint og flott det, for all del… Strendene er kvite, solnedgangene vakkre og maten billig. Me har opplevd mykje her og sett ein heil del, men no er det på tide å sette kursen videre mot Vietnam.

lørdag 4. desember 2010











Bilde nr. 1: Christer på veg opp fra havets dyp. Nr.2: Cecilie og instruktör Nico över på eit par triks. Nr. 3: Longtail boat ved Kho Phi Phi. Nr. 4: Longtail boat på Ma ya beach. Nr. 5: 'The Beach'!?




Godis och Aftonbladet


No er det lenge siden sist, her kommer endelig ein oppdatering. Me er no på Kho Samui, ei lita öy på sör-aust kysten av Thailand. Planen er å ta öy-hopping videre til Kho Phangan og Kho Tao dei neste dagene. Väret her har vore så som så dei siste dagane, det er varmt, men overskya og enkelte regnbyger…

Dette har me gjort i Thailand til no:

Me hadde oss ei veke som skikkelige turister på Kata Beach, Phuket. Det innebar skreddere som maste både hit og dit, skandinaver over alt og stappfulle strender. Det er sikkert mange der heima som drömmer om ein tur til Phuket, men eg fölte det var veldi oppskrytt… Det er jo akkurat som å reise til hvilken som helst middelhavsby! Ein kan i prinsipp reise ned å ikkje kunne eit eineste ord engelsk, for du kan spise maten din på den svenske restauranten, drikke ölen din på den danske baren, og kjöpe avisen din i den norske kiosken… Det er vankelig å få eit inntrykk av korleis Thailand er på eit sted som dette.
Ein annan skuffelse me fekk på Phuket var då me meldte oss på Speedbåt tur til Phi Phi Island. For dei som har sett filmen ’The Beach’ så veit dåke kor fantastisk flott den stranda ser ut, men virkeligheten som mötte oss var til å grine av! For det förste låg det sikkert 30 speedbåtar langs heile stranda. Ein fekk berre bade i ein liten firkant som var avmerka, og oppi der flöt det ca. 50 kinesere i flytevest og resten for rundt med maske og snorkel… Me gadd ikkje ein gong å pröve å bade her.

Me reiste vidare frå Phuket til Khao Lak med lokalbussen som tuta heile veien, og turen tok ca. 2t. Me gjekk ned på stranda og det förste me såg var Star Tour (Fritidsresor)’s Exotic Hotel… Og igjen kun skandinaver over alt! Me snudde på helen, gikk opp til dykker butikken og meldte oss på ein 4 dagers båt tur i Similan öyene. Den beste spontane avgjörelsen me har gjort på lenge!

Similan öyene er dei mest fantastiske eg har sett nokon gong. Sanden på strendene er heilt kritt kvit! Og strendene her var nermast öde i forhold til Phi Phi.
Me reiste rundt på ein båt som heit Manta Queen 1, denne var stappfull av dykkerutstyr, god mat og vennlig besettning. Christer gjorde 14 dykk på 4 dagar! Eg snorkla og fekk gjere mitt förste dykk og var nede på 10m. Men det er jo ingenting mot Christer som var heilt nede på 30m.

Tilbake i Khao Lak reiste me direkte frå båten og videre med buss til Surat Thani. Her måtte me venta eit par timar för nattbåten gikk ut til Kho Samui. Båten var ein opplevelse i seg sjölv. Den var nermast firkantet, hadde eit dekk til varetransport og eit til pasasjerer, det fantes ingen stoler, men kun madrasser på golvet i det store åpne rommet. Turen ut tok 7 timer, om dagen tar ein tilsvarande tur med ein annan båt kun 1,5t.
Me bur på Chaweng Beach, på eit flott hotell som heiter ’The Loft’. Rommet vort er stort, reint, me har eget bad, og dusj med varm vatn og skikkelig trykk! No har me da supert.


Flere bilder kommer senere.