torsdag 27. januar 2011

Filippinene

Ja eg veit, no er da veeeldi lenge siden sist, men eg har den beste forklaringen; det er veldi dårli med internett på Filippinene… No sitte me på Bali og kan surfa både på nett og bølgena me me klara. Eg har so mykje å fortelja frå dei siste 3 vekene at eg ikkje heilt veit korhen eg ska begynna. Filippinene fortjener ein lang oppsumering!

Me landa i Manila den 2. januar. Flyturen fra Ho Chi Minh tok kun 3 timer, men me reiste om natta så det var to trøtte tryner som kom fram til hostelet der me skulle treffe Robin, ein kompis av Christer. Dei neste 3 vekene reiste me i lag rundt omkring i Filippinene.

Dette landet visste eg veldi lite om før me reiste hit, eg visste heller ikkje heilt kva eg skulle forvente, berre at det skulle være utrolig vakkert. Eg har lært mykje iløpet av disse vekene, bla. å senke hotellrom standarden min… Det har vore både oppturer og nedturen, mange lange reisedøgn og pågående forselger, men også mange fine stunder og ikkje minst kanonbra dykking!

Etter ein overnatting bestemmte me oss for å ta buss vidare Manila til Legaspi. Bussen, som var veldi gammel, stod iro 3 timer frå me satte oss i bussen til den kjørte. Dei måtte fikse noko i motoren, eg trur det var trøbbel med bremsene… Men generellt overalt i Filippinene så kjører ikkje bussene før dei har fyllt opp alle setene, så 3 timer venting er ingenting. Då bussen endelig rulla av gårde, proppfull med passasjerer, høns og bagasje, tok det 12 timar før me var framme i Legaspi. Det var med tre såre rumper me endelig kunne stige av bussen.

I Legaspi tok me tricycle (moped med sidevogn) til Lignin Hill, etter å ha gått i skauen ein halvtime mellom busker og kratt, og heldigvis ikkje truffe på verken edderkopper eller annat, var me opp på utkiksposten over Mayon vulkanen. Verdens vakkreste vulkan, da e vertfall da so står i brosjyren, og eg kan sei meg enig. Det er mulig å gå heilt til topps på vulkanen, men det var dyrt å leige med seg guide.
Fra Legaspi tok me oss vidare til Donsol. På denne strekken tok me minibuss, og sidan me var 3 ”sværinga” frå vesten måtte me betala for heila baksete, som her har plass til 4(…), sjølv om heima er det kun berkna på 3 pers. I Donsol blei me buande på Santiago’s Homestay. Homestay er som ordet forteljer at ein bur heime hos nokon, me fekk vort eget rom med felles bad i hovudetg. imens familien budde i kjellaren.



Christer har hatt ørebetennelse ei stund som han ikkje klarte å riste av seg, me testa det meste, bla. antibiotikakuren me tok med oss heimafrå, men ingenting hjalp. Til slutt var det ingen annan utveg enn å oppsøke eit sykehus, i Donsol fantes det eit, me for dit.
At eg ikkje tok med kamera denne dagen er noko eg alltid vil angre på. Etter å ha gått å leita ei stund etter dette sykehuset uten å finne det hoppa me i ein tricycle, me hadde gått i feil rettning… Veien til sykehuset var smal, hompete og bratt. Det var ikkje akkurat eit vestlig sykehus me kom fram til, det var gammelt, slitt, og trengte eit ansiktsløft både her og der. Akutten var eit åpent rom med masse senger, det låg ein del pasienter der. Dei som ville til allmenlegen måtte sitte på ein benk utforbi. Det var sikkert tilslutt ca. 20 pers. som satt å venta då sjukesøstera kom tilbake frå lunchpausen sin. Alle dei lokale blei vinka inn, men me blei kun oversett. Det kom tilslutt ein henslengt fyr slengande som kalte seg for Brad, og han hadde god engelsk. Han skrudde volumet på radioen på fullt å spurte hvilken musikk me likte, Christer berre satt der ”hæ? HÆ? Eg er kommen hit fordi eg har problemer med øyrene, og hørselen…!” Ganske komisk. Brad skrudde tilslutt med volumet på The Beatles og skreiv med personaliaene. Like kjappt som me var kommet inn på dette kontoret blei me slengt ut igjen på venteværelset.
Så skulle me få snakke med sjukesøstera, ho tok tempen, og målte blodtrykket. Imens ho ho hlodt på kom Brad å tok bilder av oss med mobilen sin! Ikkje berre eit bilde heller, men mangen. Ja eg har kanskje ikkje fortalt det enda, men dei er ikkje så veldi vant med turister i Filippinene, og det fekk me føle på kroppen denne formiddagen.
Meir venting. Og enda meir venting. Alle dei andre ventande stirra på oss, ein gubbe snakka høgt å peike på oss og lo. Dei har ein del låneord frå engelsk så det er jo ikkje heilt umulig for oss å skjønne sånn ca kva samtalen dreier seg om når dei sier ”foregnier” innimellom… Endelig kom legen! Denne gangen fikk me komme inn først. Legen var ei koselig dame. Ho starta konsultasjonen og ba ein av hjelparane om å komme inne med ”øyre-kikkerten”, og selvfølgelig var det Brad med mobilen som kom inne, og ja då blei dei sjølvsagt ny fotoøkt. Han tok sikker 10 nye bilder før me fekk han til å gå, unskyldningen hans for å ta bildene var at det var til sjukehusets dokumentasjon.Som om! Me spurte legen då Brad hadde forlatt rommet om det var normalt å ta bilder av pasientene, svaret me fikk var; bare i ekstreme tilfeller som f.eks ved ein diger tumor på hodet (!). HAHA Har aldri følt meg så mykje som ein freak i heile mitt liv som dei timane på dette sjukehuset. Legen kom ikkje fram til noko heller, ho sendte oss bare vidare til spesialist i Legaspi.

Imens me var på sjukehuset var Robin å snorklet med hval-haier, det er det Donsol er kjent for.

Me reiste vidare til Malapascua. Det tok vel om lag 24 timer og me benytta nok dei fleste fremkomstmiddler dette døgnet, men mest av alt båt. Sovebåten tok 12 timer, det var en reell båt med mangen dekk og hvorav to med etasjesenger med skinnmadrasser. Me sov veldi godt denne natta, deilig med all sjølufta, og båten vugga ikkje i det hele tatt. Fra Cebu tok me buss til Maya (4t.) og liten outriggerbåt videre til Malapascua.

På Malapascua tok eg dykkerlappen! Så no er eg ein PADI Open Water Scuba Diver :D
Kurset tok tre dager og eg var den einaste eleven. Instruktøren min, Angus, var veldi flink. Etter kurset fekk eg ta djup dykk, ned til 28m., for å sjå etter manta og thresure shark men me såg ingen.
Malapascua var veldi vakkert, og hadde dei mest fantastiske solnedgangene. Det var ei lita øy og mesteparten av turistene som kommer hit kommer for å dykke. Langs heile stranden ligger det dykkebutikker vegg-i-vegg.

Ferden vår tok oss videre til Panglao. Her budde me på Hope Homes, det var driven av ein tysk gubbe med filipino jente. Inkludert i romprisen var lånet av ein moped. Det var for det meste Robin som benyttet seg av denne mens Christer og eg tok habal-habal (moped taxi) eller tricycle for å komme oss rundt. Hovudstranden heit Alona og også her låg det dykkebutikker over alt. Robin, Pascal og eg dykka på ei øy 30-40min. frå Panglao. Her var faunaen heilt fantastisk. Det var store stimer av fisk, og kor enn såg var det noko nytt. Bare synd at Divemasteren me hadde med oss ikkje var så bra, det kunne ha vore perfekt.


Den siste veka var me på Palawan, den vestligeste delen av Filippinene. Her var me innom Taytay, El Nido og til slutt Coron. Coron skulle være ein av høydepunktene våre trudde vi, her ligger nemlig 15 Japanske krigsfartøy fra 2. verdenskrig som ble senkt av Amerikanske jegerfly. Dei ligger sånn til at ein kan dykke på dei! Men sidan Christer gikk på ny hestekur for å fikse øyrene dykka me ikkje her… Så me tar det neste gang!
Ein ting eg har glemmt å nevne som er karakteristisk for Filippinene er Jeepneysene deres. Desse fungerer som lokalbusser og er veldi billige å ta. Dei er heimelaga bilar som dei opprinnelig fekk delar til fra dei gjenglemmte amerikanske jeepene. Kvar Jeepney er unik, men har den kjente jeep fronten, og dei fleste er malte i all verdens farger. Store bilder av Jomfru Maria og Jesus er også vanlig å male på.
Filippinene er eit stortsett katolsk land (ca.90%) og det finnes kirker over alt. Filippinere er religiøse mennesker, nermest i kvar eineste buss, bil, tricycle og t.o.m moped henger det rosenkranser eller religiøse bilder.
Eg kunne ha fortsatt å fortelje historier fra disse 3 vekene side opp og side ned.
Min oppsumering av Filippinene må være at det er utroligt vakkert her, og ein kan lett finne sitt eget paradis. Dykkningen er i verdensklasse, vannet er krystallklart og strendene krittkvite. Men for all del bestill innenlandsfly før du kommer hit, det er garantert den beste måten å reise rundt på. Me benyttet oss av Cebu Pacific Air og dei selger flybilletter til spottpris om du bestiller i god tid. Dette er også det billigeste landet vi har vore i så langt, du kan lett leve for ingenting omtrent. Det me brukte mest penger på var å reise rund med busser og båter. Og husk; skal du til Filippinene må du ha god tid! Ting tar tid, og det er garantert mange steder det er verdt å stoppe på. Eg har mangen steder igjen på lista mi som eg vil utforske neste gang!

No er me på Bali og Christer har endelig fått friskmeldt øyrene sine av legen i går! Dykkings i dag ;)