lørdag 20. november 2010


Kuala Lumpur: No er me tilbake i hovudstaden. Livet på Tioman blei berre stillare og stillare, til slutt når alle restaurantene holdt stengt reiste me vidare. Det var ei lang reise fra Tioman til KL, men me klarte da og. Første natten her sov me på eit hostel som heit BackHome, da var fint og nyoppusset, men låg ikkje akkurat i den besta gato... Da stod jenter på annenhvert hjørne og narkisser på dei andre! Me flytta heller til 'den gyllne triangel', Kuala Lumpurs handels og business distrikt. Her er det butikker, skillt, vakter med gevær, høgtalere, mat og folk over alt.


Dei siste dagane har gått med til litt sight seeing, me har bl.a. besøkt Menara Tower og tatt ein hopp-på hopp-av buss rundt heile byen. Da føles som om me har fått med oss det meste av det KL har å by på. I morgon reiser me vidare til Phuket, Thailand.

Ville du handlet her??


fredag 12. november 2010

TIOMAN !!!

Me klarte å reise heile veien frå Singapore og opp til øya Tioman på kun ein dag. Sein om kvelden var me endelig framme, etter mange timar på buss og båt, med ein del timar venting innimellom. Coral Reef Holiday Hotel hadde me lest om på internett, og etter litt om og men, og leiting i mørket fant me fram. Da var fantastisk å legga seg den kvelden, med lyden av bølgebrus rett utenfor døra. Det er virkelig eit paradis me er kommen til no! Bungalowen vår ligger rett på stranden, det er hengekøyer i trærne, og ei nydelig sandstrand med turkisblått hav… Dette er virkelig alt eg har lengtet etter. Alle dei lange arbeidsdagene der heima var det dette eg tenkte på! Og tekt no ligger eg her med sand mellom tærene å koser meg 

Tioman er ikkje så veldi stor, men sidan det ikkje finnes vei rundt heile øya er det vansklig å ta seg rundt, det går ann å leie ein båt-taxi.
Det finnes korallrev i havet rundt hele øya. Me hadde oss ein snorkletur hinn dagen til eit par av dei beste plassane, og fekk sjå masse forskjellige fiskar og fargerik korall. Skrikkelig stilig!
Den beste tida å reise hit er fra mars til september, sidan me er her litt utanfor sesong er det veldi stille. Det føles nokre gonger som om me har heile stranda for oss sjølv. Ein og annan regnskur må me rekna me, men det regnar ikkje som heima på vestlandet, det regnar kanskje ein ittemiddag så er det fint i tre dagar.

For dei som følger med på Robinson ekspedisjonen så har den svenske versjonen blitt filma her ute eit par ganger.

Singapore

Kor ska eg begynne? Overgangen fra ekkle slitte gamle Johor Bahru til metropolen Singapore var gedigen! Alt er så reint over alt, ting virker så gjennomtenkt og på plass. Hostellet me hadde booka låg i bydelen ’Little India’, ein del av Singapore som ikkje akkurat gjenspeiler resten… Det var nesten som å komme til India, med lukten av sterke krydder over alt og kjempehøy Bollywood musikk fra annenhvert hjørne. Det var nok spesiellt mange folk i gatene når me var der sidan det var under feiringen av deepavali, ein hinduistisk lysfestival. Det var eit veldi bra hostell me budde på, med bar nede og felles 24 sengers sovesal oppe. Me fekk t.o.m. billigare øl i baren når me budde på hostellet, kjempegreie!

Med MRT toget kom ein seg kor som helst i Singapore veldi kjappt og greit. Me besøkt eit par landemerker når me var der, blant anna ’Marina Bay Sands’, eit hotell/luksur kjøpesenter/ kasino kompleks som virkelig hadde alt. På toppen av dei tre skyskraparane finnes ei bru som binder dei tre saman, for 100,- fekk ein ta heisen opp dei 57 etg. å sjå på utsikten. Her oppe kunne ein virkelig sjå kor diger denne byen er, eg trur aldri eg har sett så mange skyskrapere på ein gang.

Me hadde da veldi grett i Singapore, men da svei litt i lommeboken! Da var veldig uvant med nermast norske/svenske prisar etter å ha vore i Malaysia i over ein mnd… Best å komme seg tilbake. Det blei kun 3 netter i Singapore.


Bilder kommer senere...

Johor Bahru

Ikkje reis hit på ferie! Det finnes ingenting her... Me måtte sove over ei natt her på vei fra Melaka til Singapore, og det var ei natt for mykje. Hotellet me budde på var veldi slitt og gammelt, med MYKJE maur på badet. Dritt ekkelt egentli, men det låg rett ved siden av busstasjonen.

På Larkin busstasjon kan ein ta bussen som går over til Singapore, eller til mange andre steder i Malaysia. På grensen over til Singapore er det passkontroll både på den malaysiske og singaporeske siden, og det er berre ei bru mellom dei to. Me fekk ein masse med nye stempel, og måtte fylle ut nye imigrasjons papirer. Alt gikk som smurt og før me visste ordet av det satt me på MRT banen i Singapore på vei til hostellet.

tirsdag 2. november 2010

Melaka


For ein flott overaskelse Melaka var! Det stod i guidebøkene at det var vanskelig å ikkje trives her, og det kan eg skrive under på. Byen har en helt egen atmosfære, folk er vennlige og hjelpsomme, og byen er akkurat passe stor. Det er ingen problem å finne fram til fots, og for dei som ikkje liker å gå finnes det alltid ein trishaw (sykkel med sidevogn) eller ein taxi i nærheten.

Om kvelden lyser byen opp med lysdekorasjoner over alt, spesiellt trishawene er glade i psykadelisk belysning, det blinkar nermast så mykje at ein vurderer å gå med solbriller t.o.m. på kveldstid… For å gjere sykkelturen ende meir minneverdig har dei montert svere sterioanlegg på sykklane som drives av bil batteri. Det er umulig å ikkje få med seg at ein trishaw nermar seg.

Melaka er ein by som har noko for ein kvar smak, det finnes museum om alt fra frimerker, til islam og krigsskip. Dei har også to kjempedigre kjøpesenter som ein lett kan bruke eit par dagar på å utforske, her inne finnes også bowlinghall, to kinoer og spillehall. Om du da enda ikkje har funne noe som passer har dei også eit høgt utskikkstårn, elvecruise, og templer og kirker i alle mulige fasonger. Og alt dette er innen gangavstand!

Me har budd på eit fint lite familiedrivet hotell mitt i Chinatown, her betalar me 100kr. pr. natt! Nabogata vår heiter ”Jonker St.” og er bydelens hovedgate. Her kan ein få tak i mange gamle antikviteter, men det er også mange andre butikker som selger klær, mat og turist greier. I helgene stenger dei gata for biltrafikk og setter ut boder langs gaten, det hele blir eit livlig nattmarked.

Det har vært ei fin veka her i Melaka, men da skal bli godt å røra på seg igjen. Sekkana står klare! Det var egentlig ikkje meininga å vera so lenge her, men me ville ha ei helg i Singapore so då fekk da bli sånn. I morgon reiser me vidare til Johor Bahru, grensebyen til Singapore på den malaysiske siden. Det skal visst ikkje vera so mykje å sjå der, så det blir kun ei overnatting. Tidlig torsdags morgon reiser me inn til Singapore, der skal me bu i Little India distriktet, me har booka oss inn på eit 24 mannsrom… So da skal bli spennande!

Me har forresten vore på postkontoret i dag å sendt ein pakke heim til Norge, den skal ta sjøveien, så om 2-3 mnd. blir da spennande å sjå om den har kommt fram…

Så følg med videre, neste oppdatering blir nok fra storbyen Singapore :D