Me klarte å reise heile veien frå Singapore og opp til øya Tioman på kun ein dag. Sein om kvelden var me endelig framme, etter mange timar på buss og båt, med ein del timar venting innimellom. Coral Reef Holiday Hotel hadde me lest om på internett, og etter litt om og men, og leiting i mørket fant me fram. Da var fantastisk å legga seg den kvelden, med lyden av bølgebrus rett utenfor døra. Det er virkelig eit paradis me er kommen til no! Bungalowen vår ligger rett på stranden, det er hengekøyer i trærne, og ei nydelig sandstrand med turkisblått hav… Dette er virkelig alt eg har lengtet etter. Alle dei lange arbeidsdagene der heima var det dette eg tenkte på! Og tekt no ligger eg her med sand mellom tærene å koser meg
Tioman er ikkje så veldi stor, men sidan det ikkje finnes vei rundt heile øya er det vansklig å ta seg rundt, det går ann å leie ein båt-taxi.
Det finnes korallrev i havet rundt hele øya. Me hadde oss ein snorkletur hinn dagen til eit par av dei beste plassane, og fekk sjå masse forskjellige fiskar og fargerik korall. Skrikkelig stilig!
Den beste tida å reise hit er fra mars til september, sidan me er her litt utanfor sesong er det veldi stille. Det føles nokre gonger som om me har heile stranda for oss sjølv. Ein og annan regnskur må me rekna me, men det regnar ikkje som heima på vestlandet, det regnar kanskje ein ittemiddag så er det fint i tre dagar.
For dei som følger med på Robinson ekspedisjonen så har den svenske versjonen blitt filma her ute eit par ganger.
Hei og hå, kor flink du er til å skriva. Kjempegøy å lesa;-)
SvarSlett