torsdag 24. februar 2011

'Bomber og granater' no e me i Australia!

Heisann, då var me kommen oss heilt til Australia. Sitter aleine i Cairns i øspøsende regn å skriver. Christer er på dykketur over Barrier revet, han skal gjøre tilsammen 11 dykk på den ytre delen av revet dei neste 3 dagene.

Me var kjempeglade den dagen me endelig kunne reise fra Bali, sjølv om det blei eit av våre lengste reisedøgn. Alarmen ringte kl. 03.00 so då var da berre å komma seg avgårde. Taxi sjåføren kjørte rundt heilehalve Bali før me kom fram til flyplassen (det var egentlig berre 2km. dit).

Me har heile tiden kjøpt dei billigeste billettene me har kunne finne, det gjer at me har ofte reist om nettene og venta mykje. Denne gangen fikk me 12 timer å slå ihjel i Kuala Lumpur! Heldigvis var dette ein av dei byane me har brukt mest tid i tidligere, så her var det ingen problem å ta seg rundt uten kart og reisebok. Dagen gikk med til 2 besøk på foodcourt'en og kino :) Flyturen videre til Gold Coast gikk fint og me kom oss gjennom den kjempestrenge sikkerhetskontrollen på australsk side. Har aldri sett eit rom med så mange overvåkningskameraer som dei hadde der...

På Gold Coast var me i 2 dagar, her var me selfølgelig innom Surfers Paradise, ei nydelig 'så langt øyet kan sjå'- strand med badevakter i gult og rødt. Ikkje så langt herifrå ligger Warrner Bros. Movie World, ein park svere karuseller og levande filmfigerer (sikkert litt som Disney World). Som alt ellers i Australia var det dyrt her, ca. svenske priser.

Overgangen frå å betala 10-20 kr. for ein middag på restaurant i Asia til å måtte betale 300kr. for ein pose med matvarer her er veldi stor... Men siden alt anna fungerer så vanvitti bra her nede så skal eg ikkje klage. Eg forstår godt koffor folk pakker kofferten oppe i vintermørke skandinavia og flytter til solfyllte Australia.

Dei første dagane her var det drepande varmt, da låg rundt 35-36 i 3-4 dager. Eg heller aldri sett ein so blå himmel, ikkje ei einaste lita sky kunne eg finne. Men no har da gått øve, til styrtregn...

Me reiste vidare frå Gold Coast til Brisbane, der var me i 3 daga. Her budde me på City Backpackers Hostel, på 16 mannsrom.
I Brisbane gikk me på det maritime museumet og fikk der gå ombord krigskipet Diamantina, Christer syns da var gøy.


Ein kalkulator har me kjøpt oss, den er so mykje brukt at me sikker snart må til å bytte batteri. Da me har rekna på mest er korlis me kan bu billigast mulig. Sjølv om ein bur på 16 mannsrom blir da jo ca. 400kr. natten for 2 pers. Så me har bestillt oss leigebil (campervan) frå Cairns i nord til Melbourne i sør. Og da blir omtrent halve prisen å kjøra sjøl å bu i bilen, iforholdtil å bu på hostel å ta bussen...

I går tok me fly frå Brisbane til Cairns, også dette var mykje billigere enn bussen + at det tok kun 2t. (25t. med buss). Cairns er ein mykje mindre by enn Brisbane som er Australias 3. største. Her bur me på YHA hostellet. Eller det vil sei eg bur her, Christer er jo på båt tur som sagt. Hostellet ligger tvers over veien for eit digert kjøpesenter med kino, so eg har da ikkje so verst eg heller :)

Det er litt rart å vera åleina, det er jo førstegange på 1/2 år at me ikkje bur samme plassen. Det er heldigvis kun 3 dager.

Og for dei som sitter å ser skrekkbilder på tv'en frå Christchurch så er det 7 veker til vi skal dit, regner med det har ristet frå seg til dess, altså ingen grunn til bekymring på våre vegner.

tirsdag 15. februar 2011

BCD og våte sandaler.

Fire veker på Bali... Det haures kanskje ut som ein dømm, men etter min meining er det to veker for lenge! Det er akkurat som Phuket, med haugevis av innpåtrengende selgere som ikkje vil gi seg. Milevis med tomme taxier med taxisjåfører som tuter og gauler etter deg. Ein million andre turister som ligger stablet på stranden så langt øyet kan sjå. OG busslass med kinesere og japanere som dei råner rundt med nikon og canons siste kolleksjon og knippser høyvillt. For å toppe det heile 3 veker med regn!

Det haures kanskje ut som eg berre klager over ein tilværelse eg er sikker på at det er mange der heime som ville ha bytta med meg, men mine forhåpninger om Bali var så store. Eg har jo sett alle dei idylliske bildene som ligger strødd over internettet og haurt om alle dei som hadde sin livs ferie på Bali, men herregud kor skuffa eg blei. Eg har jo vore på minst 100 andre plassa her i Asia dei siste par mnd. som kan konkurere ut Bali hvilken dag som helst! Så med andre ord, planlegger du ein tur til Asia, ikkje la Bali være høgdepunktet ditt, for då kan du heller sitte langs middelhavet , i kø på stranden, å få akkurat den samme opplevelsen til halv pris.. Ikkje er det særlig billigt her heller, det kunne nok ha vore det, men alle er så pengekåte her at turistene betaler minst 10 ganger meir enn dei lokale. Da har regna ganske mykje dei siste vekene, spesiellt på kveldstid. Her om dagen trur eg lynet slo ned rett ved siden av hotellet, for heila rommet vårt rista. Som ellers i Asia blei ikkje veiane her byggd ein dag da regna, (da e igrunn ingen her som ser ut til å jobba her når da regna), og kjeme da ei lita bya flommer det virkelig over! Og taxi bilene kjører ikkje lenger på meter, i regnver er det visst egne regler som gjelder…

Men me har no hatt eit par kjekke stunder her også. Da har blitt eit par dykk, bla. på USAT. Liberty i Tulamben, eit amerikansk frakteskip som vart senkt av japanarane under 2. verdenskrig. Skipet er no dekka av koraller, og det var veldi mykje fisk der. Det tøffaste med Liberty var at me kunne svømme gjennom enkelte deler av skipet! Inni skipet låg det ein 1,5m. lang barracuda å lurte, han såg skikkelig skummel ut, tennene var sikkert godt 2cm. lange.
Me hadde fire netter i Ubud, det ligger ca. midt på Bali. Detter er kunst og kultur stedet på Bali. Her lages det meste av håndlagede greier i bla. glass, tre, og sølv. Christer kjøpte seg ei stilig treskjært maske direkte fra kunstneren.
Det var mulig å melde seg på ulike kurs i Ubud, me gikk på eit sølvsmed kurs. Dette var nok det aller tøffeste me har gort på Bali, me fekk lage akkurat det me ville med veliedning fra to sølvsmeder. Det var ikkje så lett som eg trudde det skulle være, mange fleire prosesser å gå igjennom. Tøying og bøying, hammring og sliping, pussing, og til slutt polering. Sjølv om det såg litt tvilsomt ut mens vi holdt på, blei eg storfornøyd med resultatet. Bali Safari og Marine park var eit anna høgdepunkt. Her sitter ikkje dyrene i bur som i dyreparkene, men dei springer fritt rundt på store områder. Det er safaribusser som kjører rundt inne på ormådet, så dei dyrene som befannt deg langs veien fikk me sjå, imens dei andre fikk være i fred. Siden eg hadde med meg zoom og polaroid filter fekk eg mange stilige bilder gjennom bussvinduet. Det kjenns mykje bedre å besøke ein sånn her park enn ein vanlig dyrepark, det var godt å sjå at sjølv om dyrene levde i fangenskap fekk dei alikevell leve side om side på store områder. No sitter me egentlig berre å venta på flyet vidare til Australia, sekken er pakka, og tingene me skal senda heim i posten står klare. 5 mnd. i Asia er ganske lenge har eg funne ut, sjølv om det selfølgelig har sine gode sider så skal det bli veldi godt å reise videre no, berre det å bli ein i mengden igjen gleder eg meg til. Det har tatt litt på å heile tiden skille seg ut, ofte føles det som folk ser på meg som ein pengesekk dei vil gjere alt dei kan for å tømme. I Australia håper og trur eg at vi får være meir ifred, og at det blir lettare å forstå seg på folk.