
No er det lenge siden sist, her kommer endelig ein oppdatering. Me er no på Kho Samui, ei lita öy på sör-aust kysten av Thailand. Planen er å ta öy-hopping videre til Kho Phangan og Kho Tao dei neste dagene. Väret her har vore så som så dei siste dagane, det er varmt, men overskya og enkelte regnbyger…
Dette har me gjort i Thailand til no:
Me hadde oss ei veke som skikkelige turister på Kata Beach, Phuket. Det innebar skreddere som maste både hit og dit, skandinaver over alt og stappfulle strender. Det er sikkert mange der heima som drömmer om ein tur til Phuket, men eg fölte det var veldi oppskrytt… Det er jo akkurat som å reise til hvilken som helst middelhavsby! Ein kan i prinsipp reise ned å ikkje kunne eit eineste ord engelsk, for du kan spise maten din på den svenske restauranten, drikke ölen din på den danske baren, og kjöpe avisen din i den norske kiosken… Det er vankelig å få eit inntrykk av korleis Thailand er på eit sted som dette.
Ein annan skuffelse me fekk på Phuket var då me meldte oss på Speedbåt tur til Phi Phi Island. For dei som har sett filmen ’The Beach’ så veit dåke kor fantastisk flott den stranda ser ut, men virkeligheten som mötte oss var til å grine av! For det förste låg det sikkert 30 speedbåtar langs heile stranda. Ein fekk berre bade i ein liten firkant som var avmerka, og oppi der flöt det ca. 50 kinesere i flytevest og resten for rundt med maske og snorkel… Me gadd ikkje ein gong å pröve å bade her.
Me reiste vidare frå Phuket til Khao Lak med lokalbussen som tuta heile veien, og turen tok ca. 2t. Me gjekk ned på stranda og det förste me såg var Star Tour (Fritidsresor)’s Exotic Hotel… Og igjen kun skandinaver over alt! Me snudde på helen, gikk opp til dykker butikken og meldte oss på ein 4 dagers båt tur i Similan öyene. Den beste spontane avgjörelsen me har gjort på lenge!
Similan öyene er dei mest fantastiske eg har sett nokon gong. Sanden på strendene er heilt kritt kvit! Og strendene her var nermast öde i forhold til Phi Phi.
Me reiste rundt på ein båt som heit Manta Queen 1, denne var stappfull av dykkerutstyr, god mat og vennlig besettning. Christer gjorde 14 dykk på 4 dagar! Eg snorkla og fekk gjere mitt förste dykk og var nede på 10m. Men det er jo ingenting mot Christer som var heilt nede på 30m.
Tilbake i Khao Lak reiste me direkte frå båten og videre med buss til Surat Thani. Her måtte me venta eit par timar för nattbåten gikk ut til Kho Samui. Båten var ein opplevelse i seg sjölv. Den var nermast firkantet, hadde eit dekk til varetransport og eit til pasasjerer, det fantes ingen stoler, men kun madrasser på golvet i det store åpne rommet. Turen ut tok 7 timer, om dagen tar ein tilsvarande tur med ein annan båt kun 1,5t.
Me bur på Chaweng Beach, på eit flott hotell som heiter ’The Loft’. Rommet vort er stort, reint, me har eget bad, og dusj med varm vatn og skikkelig trykk! No har me da supert.
Flere bilder kommer senere.